Restaurering

Smiing av bygningsbeslag

Vi smir alt av beslag til restaurering av bygningar. Alt arbeid utføres fagmessig og avsluttes med oljebrenning for må få fram den fine overflata som er i smidd stål.

Hengsler og beslag tilpasses kvart enkelt prosjekt. Kom gjerne med eigne ideer.

Her vises to vippeklinkelåsar som er klar for restaurering. Oppvarming til ca 800 grader og stålbørsting er den beste måte å fjerne gammel rust på. Saman med oppretting og oljebrenning vil desse fremstå som nye. Dei fleste av dei gamle låsetypane kan restaurerast ved skifting av deler og fjører, for å lage nøkkel treng smeden heile låsekassen

På oppdrag for Hardanger Fartøyvernsenter har vi smidd beslag til restaurering av fleire fartøy.

Bildene under viser «Brødrene av Sand» fra Sand i Ryfylke som var ferdig restaurert i 1999. Smiing av ei mengde ulike beslag blei utførd på same måte som då jekta blei bygd ny, i 1866 i Jelsa i Rogaland.

Meir informasjon finner du her: Hardanger fartøyvernsenter

På oppdrag for Bakkejekta er det smidd båtsaum.

Arbeidet blir utførd med dei same teknikkane som då jekta vart bygd ny, for om lag 250 år sidan. Ein smir først ut stammen på spikaren, deretter blir den plassert i spikarloa og hovudet blir så smidd til rette forma.

Den nye jekta blir kopiert frå orginalen som er oppbevart på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Meir informasjon finner du her: www.bakkejekta.no

Kontakt oss

Kjetil Torvund
Torvund Smijern & Beslag
6947 Lavik
tlf: 91 15 46 07
post@smedmester.no

Org nr. 974 216 035 MVA

«En gjenstand blir til…»

prosess-1 prosess-2 prosess-3 prosess-4 prosess-5 prosess-6 prosess-7 prosess-8 prosess-9